Personvernerklæring
Daglegvaretilsynet ved direktøren er behandlingsansvarlig for verksemda si behandling av personopplysningar.
Behandling av personopplysningar på dagligvaretilsynet.no
Alle personopplysningar som Daglegvaretilsynet samlar inn via dagligvaretilsynet.no blir handtert i samsvar med personopplysningslova. Det er frivillig å gi frå seg personopplysningar i samband med tenester på nettstaden, for eksempel å melde seg på vårt nyheitsbrev. Vi samlar ikkje inn personopplysningar som fødselsdato, personnummer eller annan personleg informasjon.
Informasjonskapslar
Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som blir plassert på datamaskina når du lastar ned ei nettside. Informasjonskapselen blir til dømes brukt til å lagra innloggingsdetaljer eller registrera brukaren sin aktivitet på nettstaden. Plassering av cookies er regulert i ekomlova § 2-7 bokstav b, som omhandlar vilkår knytt til lagring av opplysningar i kommunikasjonsutstyr. Lagring av opplysningar i kommunikasjonsutstyra til brukaren er ikkje tillatne med mindre brukaren har gitt eit gyldig samtykke til dette. Før samtykke må brukaren derfor informerast om kva opplysningar som blir behandla, formålet med behandlinga og kven som behandlar opplysningane. Ved å hente informasjon og/eller nytta tenester på Daglegvaretilsynet si nettside, samtykker du til at det blir sett informasjonskapslar i nettlesaren din, sidan dei fleste nettlesarar er innstilte slik at dei automatisk aksepterer cookies. Du kan trekke tilbake samtykket ditt ved å endre innstillingane i nettlesaren. Dette kan føre til ei redusert brukaroppleving.
Nyheitsbrev
Daglegvaretilsynet sender ut sporadiske nyheitsbrev via e-post til dei som har registrert interesse. Til dette formålet behandlar verksemda opplysningar om namn og e-postadresse. Dette er opplysningar du sjølv registrerer på nettsida, når du melder deg som mottakar av Daglegvaretilsynet sitt nyheitsbrev. Grunnlaget for å behandle desse opplysningane er samtykket ditt, jf. personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav a. Du kan trekke samtykket ditt ved å sende ein e-post til post@dagligvaretilsynet.no. Namn og e-postadresse blir lagra i ein eigen database, og blir sletta når du seier opp abonnementet eller ved automatisk svar om at e-postadressa er inaktiv.
Saksbehandling og arkiv
Daglegvaretilsynet nyttar WebSak arkiv- og saksbehandlingssystem med elektronisk journalføring og elektronisk lagring av dokument. WebSak er levert av ACOS AS, og følgjer offentleg standard (NOARK). Samarbeidet er regulert av ei databehandlaravtale, og ACOS AS utleverer ikkje opplysningar til tredjepartar. Førespurnader og saker frå eksterne blir registrerte, lagra og oppbevart i tråd med arkivlova. Daglegvaretilsynet vurderer om dokumentet skal registrerast eller ikkje i WebSak. Alle dokument som gir grunnlag for saksbehandling og som har verdi som dokumentasjon skal registrerast i WebSak. Daglegvaretilsynet er pålagt å gjere offentleg postjournal tilgjengeleg i eInnsyn, ein felles database for statlege etatar. Journalen er eit register over alle inngåande og utgåande saksdokument. Samordning av offentlege postjournalar er ei teneste som er tilgjengeleg for alle. Førespurnader om innsyn blir behandla etter reglane i offentleglova og forvaltningslova. I offentlegforskrifta § 7, jf. § 6 fjerde ledd, er det spesifisert opplysningar som ikkje skal gå fram av offentleg journal. Personnamn skal ikkje kunne søkjast fram når innføringa er eldre enn eitt år.
Rekruttering og tilsetting
Om du søker jobb hos Daglegvaretilsynet, må vi behandle opplysningar om deg for å vurdere søknaden. Stillingssøknadar blir registrerte i postjournalen i arkiv- og saksbehandlingssystemet WebSak. Søkjaren sitt namn kommer ikkje fram, men det blir gitt innsyn i offentleg søkjarliste på førespurnad. Søknadane blir etter ei tid kasserte eller sletta i tråd med statens felles kassasjonsreglar for statsforvaltninga. Stillingssøkjarar må opprette konto og logge seg inn med eige passord på tenesta Jobbnorge.no for å kunne sende inn, endre eller slette søknadar. Ved bruk av denne tenesta gjeld tenesteytaren sine retningslinjer for behandling av personopplysningar: https://www.jobbnorge.no/personvern
Rettar ved behandling av personopplysningar
Du har rett til å krevje innsyn, retting eller sletting av personopplysningar om deg. Du har og rett til å krevje avgrensa behandling og komme med innvendingar mot behandlinga. Du kan lese meir om denne retten på Datatilsynet si nettside: www.datatilsynet.no For å ta i bruk rettane dine må du sende førespurnad til post@dagligvaretilsynet.no. Førespurnaden må spesifisere kva for opplysningar og/eller type behandling som blir etterspurd, heimel for retten, og kontaktinformasjonen din. Daglegvaretilsynet behandlar personopplysningar med heimel i relevante lover eller basert på samtykke. Du kan trekkje tilbake samtykket ditt for behandling av personopplysningar hos oss.